Vi har òg no fått meldingar frå Sogn og Fjordane, mellom anna Breim, Florø, Værlandet og Stryn. Nokre seier at dei såg den i opptil 5 sekund. Meteoren er i tillegg observert frå Ulstein.
Eit av dei heldige vitna:
Eg var på tur og nesten på toppen av Høgeheia på Staveneset (sør av Stavfjorden) med hovudlykt (utent) då ei diger lysande eldkule kom inn rett over Florø ca kl 17.25. Det var difor nesten heilt mørkt. Meteoren var uvanleg stor og fargerik. Grøn og rosa med ein lang brennande flamme bak seg. Den var synleg i mange sekund og brann opp rett vest i havet av Florø. Nyttårsrakettane var “småfis” i forhold..:-) Har aldri sett maken til syn! Men så kunne eg jo umogeleg ha hatt betre stad å observere den frå.... Fantastisk! Utruleg!
Gustav Skaar
(Enkelte meiner å ha sett denne meteoren i heile kveld, som eit stilleståande punkt. Akkurat DET er nok planeten Venus, som no lyser fantastisk flott på kveldshimmelen i sør/sør-vest.)
Såg du denne meteoren? Ta kontakt med oss på
mail@nas-veven.no. Send gjerne bilete eller video, om du har!
Rapportane strøymer på, og det er mange på vestlandet som har fått med seg fenomenet!
Kva er ein meteor?
Kort fortalt er det ein lekam (meteoride) frå verdsrommet som kjem inn i jorda si atmosfære med ein hastighet på opptil 70km/s. Lekamen kan vere på storleik med eit riskorn og oppover. Denne som var synleg no, var kanskje ein lekam på storleik med ein knyttneve, kanskje større. Dei fleste meteoridar "brenn opp" i atmosfæren omlag 75-100km oppe, og er då synleg som ein meteor. Sjølv om det kan sjå ut som om den landar i nabolaget, fordampar dei fleste før dei når bakken. Dersom denne meteoren har kome seg ned til jorda, ligg den i såfall ute i Nordsjøen. Men dette vert spekulasjonar.
Når meteorar ikkje tilhøyrer ein spesifikk meteorsverm, kallar vi dei for sporadiske. Desse lekamane, som oftast består av jernhaldig stein eller solid jern, er restar frå solsystemet si skaping. Dei ligg rundt i solsystemet, og av og til kolliderer dei med jorda. Det som er nokså spesielt no, er at vi berre for eit par dagar sidan hadde ein liknande meteor i Sverige og Danmark. Denne vart òg fanga opp på overvakingskamera. Kanskje det er nokon på vestlandet som har fått med seg dagens meteor?
Desse fenomena er temmeleg lyssterke, og kan i enkelte tilfeller lyse opp landskapet sterkare enn fullmånen. Av og til kan vi observere dei i opptil 5-7 sekund, og ofte vil dei løyse seg opp i fleire delar i tillegg til at dei legg etter seg eit røykspor, som kan vere synleg i fleire minutt etterpå. Objekt av jern har mindre tendens til å løyse seg opp enn steinobjekt, utan at vi kan konkludere noko utifrå dette.
Dersom du såg meteoren, send oss gjerne ein rapport der du svarar på følgande spørsmål.
Kor lyssterk var den, samanlikna med kjente lyskjelder rundt deg (td gatelampe på 20m avstand etc)? Kor lenge såg du den, og så du heile sporet, eller berre ein del av ferda over himmelen? Såg du om den la igjen ei røykstripe? Delte den seg opp i fleire bitar? Kva fargar såg du? Avslutta den med ein eksplosjon, eller forsvant den bak horisonten? Kva kompassretning ca gjekk den? Lyste den opp landskapet?
Kva kan så desse observasjonane fortelle oss?
Det at meteoren var synleg så lenge som 5-7 sekund, og med bane frå aust mot vest, tyder på at objektet truleg har kome inn i atmosfæren i ein låg vinkel. Såleis har den snitta atmosfæren nesten på langs. I tillegg befann Norge seg på "baksida" av jorda, tatt jorda si rørsleretning i betraktning. Eventuelle meteorar må såleis ta igjen jorda, som har ei banehastighet på omlag 30km/s. Sidan den parabolske banehastigheten i jorda sin avstand frå sola er omlag 42km/s, kan meteoren berre ta oss igjen med ei fart på 12km/s. Heilt korrekt vert dette reknestykket dog ikkje, i og med at jorda sin gravitasjon vil akselerere meteoren ein del.
Dersom objektet kom frå asteroidebeltet, kan den geosentriske hastigheten ha vore lågare enn 12km/s, kanskje berre rundt 6-8km/s. Det at hastigheten truleg har vert rundt 8-12km/s, forklarar at den var synleg så lenge.